Boka er skrivi av Arild Rein og er gitt ut av forlaget Samlaget i 2004. Ho blei gitt ut igjen i 2008 som ein del av prosjektet Heile byen leser, og er siste bok i Stavanger-trilogien som består av bøkene “Hundedagane”, “Grisekoret” og den tredje og siste boka “Kaninbyen”.
Boka fortel oss om Stavangers underverd. Ved hjelp av boka si hovudperson Jonny Roxmann får vi sjå korleis det er. Jonny er ein tidlegare politimann som fekk sparken fordi han leiga ut leilegheita si til prostituerte. Da boka si handling finner stad er han arbeidsledig og bur i kolonihagehytta han arva av far sin. Han likar ikkje Stavanger og meiner det er ein kaninby full av overflatiske menneske som berre bryr seg om pengar og fasade. Han kallar det for ein kaninby fordi han meiner innbyggjarane er primitive, og oppfører seg som dyr. Hans syn på verda og Stavanger er ikkje slik som folk flest. Sjølv om han har vore politimann, er han ein svært uærlig person. Han steler, lyger, driver med forsikringssvindel og lever eit liv kor han ikkje bryr seg om reglar eller moral. Gjennom heile boka kritiserer han Stavanger-bebuarane fordi dei er griske, egoistiske og dumme. Sjølv er han både rasistisk og kynisk. Det at han er kynisk vil seie at han er skamlaus, rå, krass, omsynslaus og likefram. Dette kjem fram fleire gonger i løpet av boka. Det er sannsynlegvis Jonnys personlegdom som er grunnen til at forfattaren brukar så mykje banning. Det går nesten ikkje an å lese ei einaste side utan at du møter på minst eit par banneord. Eg syns banninga er eit veldig godt verkemiddel som visar oss korleis Jonny er og korleis han tenkjer. Sjølv om det er eit godt verkemiddel synes eg det blir litt for mykje til tider. Eg er ikkje van til å lese bøker med så mykje banning, og personleg synes eg det er litt distraherande. Boka er svært samfunnskritisk. Ho kritiserer korleis folk blir når dei får for mykje pengar, og eg trur det er dette som er bodskapen i boka. Stavanger er Noregs olje-by, og dei fleste som jobbar innanfor olja får godt betalt. Det er dette Jonny er imot. Han meiner at alle som jobbar i olja og får godt betalt er egoistiske og dumme. Sjølv om han overdriver ganske mykje er det noko sant i det han seier, fordi menneske blir meir egoistiske når dei får mykje pengar, og dei oppfører seg da på ein annan måte. Det eg ikkje likte med boka var at Jonny får det til å verke som om alle er slik. Han er svært trongsynt og meiner at alle er heilt like. Eg trur eg hadde likt boka betre viss det hadde vore mindre banning, slik at orda hadde fått større betyding dei gongene han brukte dei. Da meiner eg dei hadde vore eit mykje betre verkemiddel. Alt i alt synas eg boka var heilt grei, men det er ikkje ei bok eg ville anbefalt til nokon, utanom dei heilt interesserte.
Kjelder:
Rein, Arild. 2004. Kaninbyen. Samlaget. Oslo.